November 2016

ARKIVET FOR NOVEMBER MÅNAD

VIKTIGE HENDINGAR I NOVEMBER 2016

Turbinhuset og ringledningen med greinrøra kom med båt til Florø. Derifrå vart dei frakta med trailarar til Holsen. Turbinhuset var så breitt at det førte til spesialtransport med politieskorte frå Florø. Turbinhuset har ei vekt på 10,5 tonn og er utstyrt med 5 dyser. Det vart montert på plass med ringledningen og greinrøra inne i kraftverkshuset. Etterpå vart det utført trykktest. Trykktesten var vellukka. Det er lagt opp steinmurar framfor kraftverkshuset. I tillegg har innstøypingsrøret og innløpsventilen blitt støypt fast i ein betongklosse med 53 m3 betong. Ved inntaksdammen er det klart for rørlegging.